Gode døme på bruk av geodata

Sist oppdatert: 17.09.2020

Nasjonalt geodataråd og Kommunal- og moderniseringsdepartementet ønsker å vise fram nytteverdien av geodata og systema kring dei. Geodatarådet inviterer verksemder, organisasjonar, etatar og einskilde personar til å sende inn gode døme på produkt, teneste og løysingar basert på bruk av geografisk informasjon og den geografiske infrastrukturen. Frist for å sende inn er 30. oktober 2020.

Bruk av geografisk informasjon, eller geodata, legg grunnlaget for korleis vi som samfunn skal løyse dei store utfordringane. Oppdaterte geodata er naudsynt for å nå klimamåla, for næringsliv og innovasjon og for trygginga av Noreg i ein krisesituasjon, slik mellom anna Covid-19 pandemien har vist oss.

Kunnskap om smittespreiing, kva for sentrale samfunnsfunksjonar som ligg i dei utsette områda, relevante tiltak og god kommunikasjon byggjer på at geografisk informasjon er oppdatert og tilgjengeleg.

Geografisk informasjon gjer dei sjølvsagde oppgåvene i kvardagen mogleg. Geodata ligg til grunn for alt frå dei karttenestane vi alle nyttar på mobilen til korleis kommunane kan førebu og minske faren for flaum og skred. 

  •  Vi treng oppdaterte og tilgjengelege geodata for ei vidare forenkling og effektivisering av offentleg sektor. Dette for å skape innovasjon og verdiskaping i næringslivet og ei berekraftig og inkluderande samfunnsutvikling. Difor er regjeringa si visjon at Noreg skal vere leiande i bruk av geodata, seier statssekretær Heidi Nakken.
  •  Det skjer mykje på dette området og no er det viktig å få vist fram dei gode løysingane, seier Nakken.

Geodatarådet inviterer verksemder, organisasjonar, etatar og einskilde personar til å sende inn gode døme på produkt, teneste og løysingar basert på bruk av geografisk informasjon og den geografiske infrastrukturen. Løysingane skal vere nyskapande, leie til verdiskaping, ha overføringsverdi, støtte opp om berekraft, stimulere til auka bruk og/eller vise andre gevinstar.

Forslaga må vere løysingar som er etablert i 2019/2020, og kan til dømes vere:

  • Kommersiell teneste eller produkt
  • Tiltak i offentleg sektor som gir betre og meir effektive prosessar
  • Løysingar som kombinerer data til ny kunnskap

 Leiar av Nasjonalt geodataråd Roar Skålin håper tiltaket vil gje auka merksemd om verdien av vår felles geografiske infrastruktur.

  •  Saman med gode teneste og løysingar nyttar kvar og ein av oss geodata i våre daglege gjeremål nærast utan at vi er klar over det, seier Skålin.

Døme kan sendast på skjema for innmelding (docx) til post@norgedigitalt.no.

Frist for å sende inn er 30. oktober 2020.

Døme vil bli vurdert av eit utval av medlemmane i Geodatarådet. Dei beste døma blir presentert på eit høveleg vis, få ekstra omtale, diplom og ei mindre påskjønning.