Publiserte datasett i 2020-versjon

Sist oppdatert: 08.01.2020

Kommune- og regionreformene tredde i kraft 1. januar 2020. Mange kommune- og fylkesgrenser er endra og fleire kommunar og fylke har fått nye nummer. Alle kommunevise og fylkesvise datasett som vert lasta ned frå Geonorge vert no levert i ny administrativ inndeling.

Informasjonen i denne artikkelen gjeld datasetta som er tilgjengelege i Geonorge, og som vert lasta ned gjennom nedlastingsløysingane i Geonorge.

Me har laga ein plan som viser når 2019-datasett vert fryste, når nye filer vert produserte, og når 2020-filer skal vera klare. Detaljert oppdatering om kvart einskild datasett finst i Geonorges varslingsteneste for datasett. Denne vert oppdatert fortløpande.

I nedlastingsløysinga på Geonorge vil du fram til 10. januar kunne velja mellom filer frå kommunar og fylke som gjeld frå nyttår, og filer som har 2019-inndeling. Filer med 2019-inndeling vil ikkje verta oppdaterte når filer med 2020-inndeling er tilgjengeleg for det datasettet.

Filer for kommunar som ikkje endrar kommunenummer men endrar utstrekning, vil berre bli tilgjengelege i 2020-versjon i nedlastingsløysinga. Dette gjeld: 1103 Stavanger, 1130  Strand, 1133 Hjelmeland, 1520 Ørsta, 1547 Aukra, 5001 Trondheim, 5054 Indre Fosen. For desse kommunane kan me levera 2019-filer på førespurnad.

Administrative og statistiske inndelingar i 2020-versjon

Noregs administrative inndeling – fylker og kommunar, og «Statistiske enheter grunnkretser» vart gjort tilgjengeleg i offisiell 2020-versjon allereie i månadsskiftet september/oktober.

Datasett frå matrikkelen tilgjengelege i 2020-versjon 

FKB i 2020-versjon vart tilgjengelege puljevis frå 2. desember

FKB-datasett vart tilgjengelege i 2020-versjon puljevis frå 2. desember til 6. januar.  Unntaket er FKB-høydekurve som vert tilgjengeleg innan 14. februar.

Oversikta for kvart einskild FKB-datasett finn du på denne planen.

FKB-datasett publisert i 2020-versjon:

Oslo, Viken, Vestfold og Telemark, Rogaland, Møre og Romsdal og Nordland (15. desember)

Agder (25. desember)

Innlandet (4. januar)

Trøndelag (10. januar)

Vestland og Troms og Finnmark (16. januar)

 

Datasett for samferdsel i 2020-versjon

Kartdatasett er tilgjengelege i 2020-versjon

 

Øvrige datasett i 2020-versjon

Øvrige datasett vart tilgjengelege i 2020-versjon i perioden frå 12. desember til 1. januar.

Nye datasett publisert i 2020-versjon:

 

 

Hugs at du alltid kan halda deg oppdatert på kva datasett som er ferdig produserte i Geonorges varslingsteneste for datasett.